torsdag 4. desember 2014

Snø på ullfilt

Dei siste par dagane har eg kikka i, og rydda i skuffer, hyller og posar. Altså der eg har ein tendens å samla alt av smått og nyttig innen hobby og slik kos.

Plutseleg kom eg over denne filtpungen, ein gong kjøpt hjå Søstrene Grene, med prislapp og det heile ;)

Kva anna kan eg gjere, når nål, saks og broderitråd allereie stod framfor meg, enn å brodera litt på frihånd?

Eg er ganske så nøgd - får fram lengselen etter litt kvitt frå himmelen på denne årstida.

Siri

1 kommentar:

  1. Det hadde gjort seg med litt snø! Sjølv om det er lettvint utan måking og glatte vegar!

    SvarSlett