For ei lita veke sidan fekk me kjelleren full av vatn. Forfærdeleg lyd å vakna til midt på natta; at det renn ein liten foss inn gjennom kjellerdøra, og så oppdaga at me kan ikkje anna gjera enn å venta på at det skal gje seg...
Eg hadde andre ting å tenkja på enn å ta bilete av galskapen, men det er enkelt å setja opp ei liste på kva som gjekk tapt.
~ garnlageret mitt, som byrja bli akseptabelt stort
~ Hobbybøker og oppskriftshefter
~ seng
~ kister
~ 2 pc'er
~ gitarer, forsterkere og andre dibeduttar som min kjære har ein del av
~ fryseboks
~ fotoalbumar
i tillegg var det ganske mykje som måtte vaskast og rensast.
Så kan eg jo nemna at 2 rom må få nye golv og vegger...
Så no står kjellaren 'på hovudet', og eg har funne nokre garnrestar som eg kan få strikka nokre tøfler utav.
Siri