lørdag 31. oktober 2009

Halloweenfest


Halloweenfest er ein sjølvsagt ting her i huset. Me har halde ein liten fest for små og store vener i fleire år no, og er noko me ser fram til kvar gong. Ein liten utfordring er maten, for dei små forventar mat dei kan smågrøssa av. Dette året valgte me 'heksegraut'; vanleg risengraut tilsatt litt grøn konditorfarge etter koking. Sukker/kanel-blanding vart til magisk pulver.

Og alle munner set pris på dessert. Bordet vart dekka med sjokolade i mange variantar, chips og 'gresskarkaker'. Det er kakemanndeig som eg farga med litt oransje konditorfarge og stakk ut med gresskarform. Etter steiking brukte me tusjer med konditorfarge til å teikna detaljane. Cacas har mykje nyttig til kakebaking :)


Me har pynta litt her og der òg. Denne heksa er favoritt, søt som ho er.




Borddekorasjonen var enkel; eit lite sinkfat, visna blader, rognebær og pyntegresskar.




I utgangspunktet hadde eg tenkt å bruka min finaste linduk på bordet, men då eg fekk tenkt meg om,fann eg fram ein rull med kvit papirduk. Eg hadde verkeleg ikkje lyst til å få grøne flekker på finduken min. Bordkorta har eg klypt ut av kartong, limt på halloweenklistremerker og skrevet namna med sprittusj. Nokre dekorerte eg med oransje silkeband i tillegg.

No var det berre å setja seg, og forsyna seg med god, småekkel mat ;) så kan eg ikkje anna enn håpa på at alle har kost seg i kveld. Eg gjorde det iallefall!


Oppskrift på kakemenn:
300 g kveitemjøl
250 g sukker
1,5 ts hornsalt
30 g margarin
1,5 dl vatn
+mjøl til passe deig
Steikes ved 180-200 grader i ca 10 minutt
*for å farge deigen, kan du blanda ca ei halv ts farge, frå Cacas, i deigen.
Siri

torsdag 29. oktober 2009

Trøste-shopping


I går var eg og vaksinerte meg. Planen var å ta vaksinen mot svineinfluensa, men legen spurte om eg ville ta vaksinen mot 'vanleg' influensa òg samtideg for same pris. Eg trur eg kan påstå at eg ikkje har hatt influensa på 12 år, men tenkte som Ole Brumm; Ja takk, begge deler...
I dag kom bivirkninga - på den vanlege vaksinen... Litt 'småflunsete' og trøtt. Så eg syntes så synd om meg sjølv at eg køyrde direkte til 'Krims og krans' etter jobb, og kjøpte meg litt trøst. Mest sokkegarn, men eg kunne ikkje motstå ein fin, liten pose med garn oppi og mønster til selbuvotter hengjande på utsida. No skal eg snart byrja og strikka mine første votter :)
Siri

onsdag 28. oktober 2009

Tidleg opp...


Etter klokka vart stild ein time tilbake, har
eg vakna litt før eg har tenkt... Eg reknar med
det ikkje varer lenge innan kroppen forstår
at det er vintertid. Fram til den tid får eg
bruka morgontida til noko fint. Akkurat no
sit eg med ein god kopp kaffi etter å ha ete
frukost, og tenkjer på kva som skal skje på
laurdag.
31. oktober er det Halloween, og i fleire år
har eg laga ein liten fest ilag med gutane.
I år vert me 12 stk tilsaman. Og det store
spørsmålet er 'kva skal me servera?'
Me har tidlegare laga;

*pølsefingrar med blodsaus og

sprøsteikte negler

*flaggarmusburgar

*blodpudding (raud gele)

*blodvatn (raud saft)

Eg trur me lagar 'heksegraut' i år....
Risengraut med grøn konditorfarge i.
Me gleder oss :)


Siri

søndag 25. oktober 2009

Ei god helg!

Minstemann og eg har nettopp kome heim frå ei
herleg helg i Oslo. Me ankom byen fredag morgon,
og skulle vandra litt rundt på eigenhand i nokre timar.
Sjølvsagt fann me vegen til diverse kjende attraksjonar,
men å finna vegen tilbake gjekk så som så....
- me gjekk og gjekk....og gjekk... og fekk sjå meir
av byen enn me planla på førehand :)
Eg fekk tid til strikking òg, mellom shopping, meir
eller mindre planlagd sightseeing, Teknisk Museum,
filmsjåing og god mat på byen og hjå vertinna.

Heimtur med tog kan verta i drygaste laget for ein
10-åring, men heldigvis hadde me shoppa litt til
guten òg...

Sist, men ikkje minst - ein pakke frå hemmeleg ven
venta på meg då eg kom heim...Rosa ullgarn - trur
det vert eit par pulsvarmere - rosa serviettar og
fine, rosa telys som verkeleg vil gleda no i mørke
haustkveldar... Tusen, hjarteleg takk! :)
Siri

lørdag 17. oktober 2009

Ufo-galoppen

Eg er rimeleg stolt av meg sjølv no, for no har eg
fullført fleire ufo'ar enn eg hadde tenkt då eg byrja.
Her er tubesokkane, kluten frå 5 år bak i tida, og
sitjeunderlaget eg byrja på i fjor haust. Og når eg
reknar med vesten frå tidlegare innlegg, så har eg
no 4(!) Fo'ar (fullførte objekt).
Go Siri, og eg må seia det sjølv ;)

onsdag 14. oktober 2009

Hemmeleg uven-pakke

Tidlegere i oktober melde eg meg på noko
som heiter 'hemmeleg uven' på Hobbyboden.
Det går ut på at ein får tildelt namn og adresse til
ein annan, og skal sende noko av det garnet som
ein i rein villfarelse har fått i hus. Eg tenkte det var
ein god anledning til å verta kvitt nokre små 'mareritt'.
I dag fekk eg min uven-pakke i posten... Eg tok den
med inn, men venta litt før eg opna den. Mest så eg tenkte
innhaldet ville betra seg litt om eg venta...
Vel - her er innhaldet, og det var eit lite brev
i tillegg..
*Kjære reSirikulert!
Endelig får du en liten pakke i posten -- noe som du
sikkert har gledet/gruet deg til?!
Jeg tror det måtte ha vært utrolig dårlig lys i butikken
når jeg kjøpte garnet Museum - grå er ikke min farge
i det hele tatt!
Hva jeg tenkte når jeg kjøpte oransje/brun sokkegarn
kan jeg ikke svare på --- det kan hende jeg så litt dårlig
den dagen....
Det gule garnet har jeg fått fra en eller annen - og sjølv
etter mange år i garnlageret mitt liker jeg ikke fargen.
Kanskje jeg trodde den vil skifte farge?!!
Som en liten trøst til deg og takk for at du har
bistått meg med litt garnslanking legger jeg ved
en liten ekstra gave.
Kos deg!
Mvh
Din hemmelige uvenn :-)
Det gjekk mange slags tankar gjenom hovudet mitt..
Kva i alle dagar skal eg klara å laga av dette...?!
For ein del av 'hemmeleg uven' er at ein skal laga
noko ut av det du mottek. Og sjølvsagt vil eg vera med
på den konkurransen..
Pusen Vira Kotsha sette pris på det gule garnet.

Ho stakk av med nøstet..
Men til slutt må eg takka min hemmelege uven for
den vesle gaven - ein liten pose med maskemarkører!
No må eg i tankeboksen ei lita stund...
Siri


mandag 12. oktober 2009

Er dette eit hint?

Eg er av dei som les veke-horoskopet med ganske jamne mellomrom. Denne veka seier mitt blandt anna dette; 'Alt påbegynt arbeid må gjøres ferdig før du går i gang med nye prosjekter.' Og etter gårsdagens funn trur eg at eg må ta dette som eit hint om å fullføra alle Ufo'ane eg fann...

Siri

søndag 11. oktober 2009

Akk ja - Ufo'ar

Etter å ha fullført vesten i går, tenkte eg i dag
å strikka meg ei lue av restane av garnet....
Men med mitt tidligare system i strikkepinnane,
er det ganske ofte at eg må leite etter dei her og der.
(no har eg fått meg ein holdar til strikkepinnane)
Eg gjekk ved godt mot igang med leitinga...
Skulle altså finna strømpepinnar nr 7 .
Eg fann ei lita brikke, som eg mest er heilt ferdig med.
Her var visst eit handklede òg, halvferdig..
Eg hugsar eg strikka feil på mønstaret, så eg kan
sikkert, med god samvittighet, rekkje opp alt..


Ops - ein sokk, såvidt..

Og jammen eit sitjeunderlag eg byrja på i fjor haust.
Ikkje så mykje som gjenstår på denne heller....

Sist, men slettes ikkje minst, ein klut. Dette garnet
kjøpte eg i Mandal for minst 5 år sidan, og byrja på
ein heilt enkel klut... Det kan jo henda at eg får han
ferdig til jul....
Var det nokon som nemde 'Ufo-slanking'...?
Og forresten, eg fann ikkje pinnane...
Siri

lørdag 10. oktober 2009

Ein UFO mindre

Eg tok tidlegare imot ei utfordring på Hobbyboden
om å slanka vekk nokre Ufo'ar iløpet av oktober..
Det måtte ikkje mykje leiting til for å finna eit par,
for eg har liggjande litt av kvart om eg berre tenkjer
etter.. No har eg festa siste trådane og dampa
denne vesten, som eg byrja på for eit år sidan.
Det passa for så vidt godt å fullføra no, då det kjennes
at det går mot kaldare tider.
Det er ikkje eit perfekt bilete av vesten, men du
finn modellen i heftet til SandnesGarn, mix dame,
0609. Vesten er strikka i Alfa på pinne 7.
No sit eg og nyt ein god kopp kaffi, og kjenner
kor god følelsen er å ha fullført. I morgon
skal eg finna fram neste Ufo, eit par sokkar
i tubestrikk.. Eg gler meg...

Siri


søndag 4. oktober 2009

Firkanttøfler

Då eg hadde hobbykveld var det ingen som heilt kunne
sjå føre seg at desse L'ane skulle verta til tøfler, noko
eg godt kan forstå.
Men etter ein del hovudbry klarte eg å sy ein L
saman til ein ganske så fancy tøffel, og då var det
mykje lettare å sy saman L nummer to..

Eg måtte vaska tøflane i to omgangar på 60 grader,
med litt grønsåpe, før dei var tova nok.
No ser eg berre fram til dei er tørre og eg kan
byrja bruka dei.
Siri

lørdag 3. oktober 2009

Gamle Mor

Du gamle mor er veik og arm,
og falmet er dit kind;
dog er du like hjertevarm
som da du trykked til din barm
den vesle gutten din.

Du gik og sled i mas og kav
til livets sene kveld;
men skjønt du bare mødte krav,
du gik ei træt, men villig gav
os av dit rike væld.

Derhjemme gik du ind og ut
med sang og smil om mund;
du stillet alles sorg og sut,
selv gik du helst i hverdagsskrud
til hver en tid og stund.

Du elskede dit virkested,
og barna var dit alt;
for dem du sent og tidlig stred
og spurte ei, hvad dagen led,
naar hjemmets vel det gjaldt.

Nu er du gammel, træt og svag
og ser mod solefald;
dog har du samme hjertelag,
som alle aar har staaet bak
dit høie moderkald.


*Morten Lindtjørn
'Dikte og sange'

Dette er eit dikt skrevet av oldefar min.
Siri


fredag 2. oktober 2009

Ufo-slanking

Målet i oktober er å slanke vekk nokre ufo'ar.
Etter eit lite innlegg og utfordring i Hobbyboden,
fann eg ut at eg trengde denne slankinga...
Så valget fell på desse to ufo'ane...
Ein vest som eg er over halvvegs på, og eit par med
tubestrikka sokkar.
Vesten kan vera god no på hausten, og sokkane likeeins.
Dette kanhende er ein litan utfordring til deg òg...?
Siri


torsdag 1. oktober 2009

Hobbykveld

Etter å ha vorte inspirert litt inne på Hobbyboden,
ba eg inn nokre venninner til ein hobbykveld. Kaffi
på kanna og frukt i skålene, både frisk og tørka. Nå
kan gjestene berre koma.
Me fekk tid til handarbeide òg, sjølv om vi hadde
mykje å prata om. Ei hadde med seg hekletøy.

Ei anna har det travelt med synåla. Ho broderer
klokkestreng til venninners nyfødte, noko me
set stor pris på.

Sjølv held eg på med tøfler. Og lilla er min farge!
Me gler oss til neste hobbykveld, alle saman.